Storrundt er ein turveg som går mellom Øydegard, Kjervika og Eikrem i Straumsnes. Turen går først på gangveg langs Tingvollvegen, og vidare på gardsvegar, skyssveg og gammel bygdeveg. Undervegs er Storrundt
skilta med lokale stadnamn, og langs turen går ein gjennom verdens nordligaste viltveksande eikeskog.
Vêret var strålande. Sol, lite vind og 7-8 grader.
Distanse: 4,9 km. Tid: 1:25/2:20. Stigning: 149 m.
Start ved Batnfjord skule. Går opp langs sørsida av elva over Skardbekken, forbi Hagan, Hanshølen og opp til hengebrua over elva ved Larsåkerhølen. Retur langs elva nedanfor Gaupset og Harstad.
Opphald i starten
av turen. Ellers øsende og etterkvart pøsende regn. Vindstille og 11-12 grader.
Distanse: 6,7 km. Tid: 1:40/2:15. Stigning: 48 m.
Gjekk Torvikvegen opp til Torvikvatnet. Følgde skogsvegen til Stegan og vidare fram til gardane på Holten. Frå Oppigarden gjekk vi Holtavegen tilbake til Stegan og derifrå snarvegen ned ved Høgtun.
Strålande
vêr. Sol, nokså vindstille og omkring 10 grader.
Distanse: 6 km. Tid: 1:50/2:55. Total stigning: 152 m.
Start frå Fjordsenteret på Aspøya. Gjekk Aspøyvegen retning Skjelvågen og vidare Einsetvegen til Einset. Derifrå Fetavegen til Straumsundbrua og Tingvollvegen tilbake til Fjordsenteret.
Inneklemt mellom to
dagar med ruskevêr, fekk vi perfekt turvêr også denne gongen.
Distanse: 4,0 km. Tid: 1:30/2:30. Total stigning: 89 meter.
Start frå parkeringsplassen på Høgset. Går over den 1257 meter lange Gjemnessundbrua. Etter er en liten rundtur på Bergsøya, inntas lunsj ved Krifastterminalen.
Overskya, men opphald. 2-3 varmegrader. Sur
vind over brua. Gløtt av sol under lunsjen.
Distanse: 6,6 km. Tid: 1:45/2:40. Total stigning: 182 m.