Turmål 2021

1. desember: Skeidsdalen

Start frå småbåthamna på Øre. Gjekk opp forbi Sjømæling og Hågan til Myrabrua. Derifrå forbi Skeid-gardane og Myklebost tilbake til kaia.
Lettare skydekke, temperaturar frå minus 3 og lågare.
Distanse: 5,5 km.

16. november: Stokkdalen

Start frå Stokke. Kryssa Stokkelva ved Furuhaugen og gjekk vidare oppover Stokkdalen til gapahuken ved Storåsen.
Overskya, men opphald og 4-5 varmegrader.
Distanse: 4,2 km. Stigning: 140 meter.
Forrige tur hit: http://www.plptur.com/434107301/6636624/posting/19-september-stor%C3%A5sen

9. november: Flemsetervatnet

Start frå Kleivleet. Lunsj på Einhaugen.
Strålande haustvêr.
Distanse: 4,6 km. Tid: 1:34/2:36. Stigning: 100 m.

2. november: Årølia

Start frå Akerhallen. Gjekk opp Raudmelbakken og vidare innover Årølia. Ved Haukholå, nær Ausphaugen, gjekk vi opp til Årøhuken.
Strålande fint vêr. 
Distanse: 4 km. Tid: 2:25/1:15. Stigning: 130 m.

19. oktober: Seterlia

Start frå Torvikvatnet. Gjekk Åsanvegen over Åsan og Vassverkvegen opp til Lunningsplassen.
Nesten nedbørsfri tur, sjølv om Yr melde mykje regn.
Distanse: 5 km. Tid: 2:15/1:20. Stigning: 75 m.

5. oktober: Utsikten

Start frå Prestmyra på Frei. Turen går innover Freimarka forbi Furulunden og Hysåsen til Utsikten. Her var eit arbeidslag (Freimarkas venner) snart ferdig med ny gapahuk. 
Supert turvêr. Lettskya, mildt og vindstille.
Distanse: 5,3 km. Tid: 2:20. Total stigning: 107 m.

21. september: Elvastien

Den vanlege rundturen langs Storelva: Silset, Bjerkeset, Gaupset og Harstad.
Grått og vått.
Distanse: 7 km. Tid: 2:30.

14. september: Angvika

Start frå Angvik skule. Opp Vollabakken og bort Plassavegen til Myra. Sti over til Haltlivegen og vidare bort Raudbekkvegen. Sti til Litjbruvegen og vidare ned til elva og sjøen. Opp Sjøvegen og Angvikvegen tilbake til skulen. Til slutt: Omvisning og kaffe/matservering på skulen.
Knappe 10 grader, men sol og fint vêr.
Distanse: 3,7 km. Tid: 2:10. Høgdemeter: 80-90 m.

7. september: Holten

Start frå Torvikvatnet og gjekk forbi Stegabu mot Holten. Gjekk så Holtavegen tilbake til Stegan.
Opphaldsvêr og mild fønvind, omkring 16 grader.
Distanse: 4,5 km.

9. juni: Elvastien

"Den andre vegen": Harstad, Gaupset, Bjerkeset, Silset.
Sol og varmt, 18-20 grader.
Distanse: 7,2 km. Tid: 1:55/2:30. 

1. juni: Flemsetervatnet

26. mai: Silset - Bjerkeset

18. mai: Flatsetøya

Gjekk Flatsetbakken ned mot Flatsetsundet. Gjekk så Øyavegen til vegs ende i Djupvika og fortsatte på sti til Kvitneset. Derifrå gjekk vi Kvitnesveien, med ein avstikkar til Iverplassen, tilbake til Flatstsundet.
Flott turvêr. Lettskya, vindstille ca. 12 grader. Litt duskregn på slutten.
Distanse: 6 km. Tid: 1:40/2:25. Stigning: 108 meter.

5. mai: Hamna-Jelkrem

Start frå Krifast på Bergsøya. Gjekk Bergsøyvegen til Jelkrem med en avstikkar mot Høgberget. Retur over Hamnamyran og Kråkneset. 
Strålande fin dag. 6-10 grader.
Distanse: 5 km. Tid: 1:30/2:40. Stigning: 139 meter.

27. april: Varvika

Start frå Grendahuset i Flemma. Gjekk ned Olavegen. Fulgte fv 666 til Varvika. På tilbakevegen gjekk vi opp Flembakken.
Sol og vindstille, stigande temperatur, 4-10 grader.
Distanse: 6,0 km. Tid: 1:45/2:40. Stigning: 64 meter.

20. april: Gaupset

Start frå Batnfjordsøra. Gjekk Gaupsetvegen forbi Harstad, Gaupset og over Kvennaelva.
Strålande vêr. Sol, vindstille og 10-15 grader.
Distanse: 8,0 km. Tid: 2:00/2:45. Stigning: 107 meter.

14. april: Astad-Blakstad

Start frå parkeingsplassen ved Astadelva. Vi gjekk Gjemnesvegen til Blakstad. Lunsj på Blakstadneset.
Overskya, men opphald i starten. 4-5 grader. Surt med regn og movind på heimvegen.
Distanse: 7,3 km. Tid: 1:40/2:25. Stigning: 75 meter.

23. mars: Elvastien

Start frå Kommunehuset. Gjekk langs elva oppover til Bjerkeset. Kryssa elva og spiste lunsj i ny, flott gapahuk nedanfor Gaupset. Fortsatt is/snø enkelte plasser.
Opphald, solgløtt mot slutten av turen. Vind og 10-12 grader.
Distanse: 7,5 km. Tid: 2:00/2:40. Stigning: 64 meter.

16. mars: Flemsetra

Start frå Grendahuset i Flemma. Gjekk oppover Flemsetervegen mot Flemsetra. Passerte den gamle idrettsplassen og revegarden og snudde ved Flemseterelva. 
Lett snøvêr i starten. Framme ved Flemsetra, kom sola. 3-4 varmegrader og vindstille.
Distanse: 7,4 km. Tid: 1:55/2:40. Stigning: 83 meter.

9. mars: Stegan-Holten

Start frå Teppingbrua ved Torvikvatnet. Gjekk strake vegen forbi Stegan til Holten. Retur langs Holtavegen tilbake til Stegan. Lunsj ved Stegabu.
Opphald og gløtt av sol etter lunsj. Vindstille og stigande temperatur, 1-7 grader.
Distanse: 4,6 km. Tid: 1:15/2:00. Stigning: 70 meter.

2. mars: Sletneset rundt

Sørlandsvegen forbi Klokkarhaugen. Slettnesvegen og Flintspissen til Hamnahaugen. Skoghågvegen ned til Sørlandsvegen.
Grått og dårleg sikt, men opphald og vindstille. Ned mot null grader.
Distanse: 7,0 km. Tid: 1:30/2:10. Total stigning: 94 m.

16. februar: Blakstad

Start frå Blakstadnesset. Gjekk utover Gjemnesstranda forbi Knutset til "Fjordgløtt" m/retur.
Varmande sol og vindstille. Varmegrader. 
Distanse: 7 km. Tid; 1:50/2:50. Total stigning: 91 m.

9. februar: Heggem

Start frå Nigarden og gjekk mot Brekkskiftet. Gjekk forbi Brekka og vidare langs Heggemsvatnet til Heggem. Kort kaffepause før vi gjekk same vegen tilbake.
Strålande sol, men kaldt! Temperaturen varierte mellom 10 og 18 kuldegrader.
Distanse: 6,5 km. Tid: 1:45/2:15. Total stigning: 100 m.

3. februar: Skeidsdalen

Start frå Øre kai. Gjekk oppover forbi Sjømælingsgardane til Myrabrua. Fortsatte der på hi sida forbi Skeidgardanae og øvergardane på Myklebost.
Knallblå himmel og kaldt - minus 10! Og ikkje eit vindpust.
Distanse: 5,5 km.