Turmål 2020

2. desember: Orsetsetra

17. november: Kinna/Svanavollen

Start frå Seterhaugen. Gjekk Kinnaflata og Kinnabakken opp til Kinna og vidare derifrå til Svanavollen.
Opphaldsvêr det meste av turen. Nokre regndråpar på returen.
Distanse: 5,9 km. Tid: 1:45/2:35. Stigning: 186 meter.

10. november: Kvalvåg

Rundtur på Kvalvåg: Kvernhusbakken, Lamvikvatnet, Sørlandsvegen, Kleivskaret, Eksisplassen, Kvalvågvegen, Kvalvågneset.
Perfekt turvêr: Lettskya, vindstille og mildt (8-10 grader).
Distanse: 6,5 km. Tid: 2:00/2:50. Stigning: 143 m.

3. november: Kleivvatnet

Start frå Fursetfjellet. Fin veg innover Stangarmyrene. Etter ca 3 km går vi nybrua over Skallelva. Etter enno eit par kilometer er vi framme ved Kleivvatnet.
Topp turvêr. Lettare skydekke og vindstille. 6-7 grader.
Distanse: 10 km. Tid: 2:40/3:30. Stigning: 133 meter.

27. oktober: Storrundt

Storrundt er ein turveg som går mellom Øydegard, Kjervika og Eikrem i Straumsnes. Turen går først på gangveg langs Tingvollvegen, og vidare på gardsvegar, skyssveg og gammel bygdeveg. Undervegs er Storrundt skilta med lokale stadnamn, og langs turen går ein gjennom verdens nordligaste viltveksande eikeskog.
Vêret var strålande. Sol, lite vind og 7-8 grader.
Distanse: 4,9 km. Tid: 1:25/2:20. Stigning: 149 m.

20. oktober: Heggem

Start ved Osmarka allaktivitetshus. Hanasetvegen, skogsvegen fram mot Fiskvasselva, lysløypa mot Heggemsli. Osmarkavegen.
Lettskya + opphald + vindstille = perfekt turvêr. Temperaturer omkring null.
Distanse: 5,8 km. Tid: 1:45/2:40. 130 høgdemeter.

13. oktober: Holten

Start i sentrum. Går Ørvegen mot Holten med en avstikkar om Bakkan. Vidare over Holten til Stegan. Tilbake til sentrum via Torvikvegen.
Sol og vindstille. Rundt 5 grader.
Distanse: 5,3 km. Tid: 1:30/2:45. 106 høgdemeter.

30. september: Gjemnesstranda

Start frå lunningsplassen ovanfor Knutset. Gjekk utover skogsvegen ovanfor Nordmørsvegen og ned på Gjemnesvegen ved Hyllneset. Lunsj i fjæra nedanfor Fjordgløtt.
Lettskya, gløtt av sol. 12-15 grader og blikkstille.
Distanse: 6,8 km. Tid: 2:05/3:25. 198 høgdemeter. 

22. september: Flemsetervatnet

Start frå Kleivleet. Gjekk vidare over Teppingbrua og etter vel 3 km er vi framme på Einhaugen.
Grått, men lite nedbør. Vindstille og 7-8 grader.
Distanse: 5 km. Tid: 1:25/2:50. 94 høgdemeter.

15. september: Kvalvågsetra

Start frå parkeringsplassen ved fv 666 på Kvalvåg. Etter 2 km i tildels bratt lende er vi framme ved kraftverkdammen. Lunsj ved topp-punktet.
Opphald på veg opp. Nedbør på veg ned. 10 grader og vindstille.
Distanse 4 km.

9. september: Elvastien

Start ved Batnfjord skule. Går opp langs sørsida av elva over Skardbekken, forbi Hagan, Hanshølen og opp til hengebrua over elva ved Larsåkerhølen. Retur langs elva nedanfor Gaupset og Harstad.
Opphald i starten av turen. Ellers øsende og etterkvart pøsende regn. Vindstille og 11-12 grader.
Distanse: 6,7 km. Tid: 1:40/2:15. Stigning: 48 m.

10. juni: Flemsetervatnet

Start frå Kleivleet. Turen gjekk over Teppinbrua mot Tømmarhauan. Vi passerte Lauvbekkjen og Stordalsbekkjen og enda som vanleg på Einhaugen. Og Reinsfjellet var med oss heile vegen.
Praktfullt vêr: Sol, vindstille og 20 grader.
Distanse: 5,2 km. Total stigning: 80 m.

26. mai: Elvastien

Start frå skulen og gjekk oppover langs elva forbi stadion, lysfabrikken og til Bjerkeset. Kryssa elva over Larsåkerhølen og gjekk nedover forbi Gaupset og Harstad.
Fint turvêr: vindstille, 12-13 grader og berre nokre få regndråpar.
Distanse: 6,7 km. Tid: 1:50/2:50. Total stigning: 124 m.

20.mai: Holten rundt.

Gjekk Torvikvegen opp til Torvikvatnet. Følgde skogsvegen til Stegan og vidare fram til gardane på Holten. Frå Oppigarden gjekk vi Holtavegen tilbake til Stegan og derifrå snarvegen ned ved Høgtun.
Strålande vêr. Sol, nokså vindstille og omkring 10 grader.
Distanse: 6 km. Tid: 1:50/2:55. Total stigning: 152 m.

10. mars: Fætten rundt

Start frå Fjordsenteret på Aspøya. Gjekk Aspøyvegen retning Skjelvågen og vidare Einsetvegen til Einset. Derifrå Fetavegen til Straumsundbrua og Tingvollvegen tilbake til Fjordsenteret.
Inneklemt mellom to dagar med ruskevêr, fekk vi perfekt turvêr også denne gongen.
Distanse: 4,0 km. Tid: 1:30/2:30. Total stigning: 89 meter.

4. mars: Rundtur i Torvika

Gjekk Sletnesvegen opp til Orset. Besøk i fjøset til Anders Orset, med Ola Bjarte som omvisar. Frå Orset følgde vi traktorvegen opp til Lunningsplassn. Derifrå gjekk vi ned langs hoppbakken tilbake til utgangspunktet.
Perfekt turvêr.
Distanse: 5,3 km. Tid: 1:45/3:45. Total stigning: 140 m.

11. februar: Skeidsdalen rundt

Start frå småbåthamna på Øre. Gjekk oppover dalen på Sjømlingsida, over Myrabrua og nedatt på Skei og Myklebostsida.
Omkring null, kald vind, nokre regnbyger, men og gløtt av sol.
Distanse: 7 km. Tid: 1:20/1:50. Total stigning: 60 m.

22. januar: Gjemnessundbrua

Start frå parkeringsplassen på Høgset. Går over den 1257 meter lange Gjemnessundbrua. Etter er en liten rundtur på Bergsøya, inntas lunsj ved Krifastterminalen.
Overskya, men opphald. 2-3 varmegrader. Sur vind over brua. Gløtt av sol under lunsjen.
Distanse: 6,6 km. Tid: 1:45/2:40. Total stigning: 182 m.